Sætra Hytter
Strandafjellet Skisenter
Sætra hytter ligg på ein gamal verna setrestøl, og er tilgjenglige for utleige både sommer og vinter. Hyttene ligg i hjertet av Stranda skisenter og er derfor svært populære i skisesongen, då dei er eit perfekt utgangspunkt om du vil bruke skiene nedover, bortover eller til topps på fjella i området.
Sommerstid er dei eit flott utgangspunkt for fjellturar i Sunnmørealpane. Her er det både lette og svært utfordrande turar å velge i. Med bil og ferje kan de på ein god time nå Jugendbyen Ålesund og verdsarvområdet Geiranger. Med 2 t reisetid kan ein ta turen til fugleøya Runde, eit besøk i rosebyen Molde, fjellsenteret i Åndalsnes eller Atlanterhavsvegen. Meir informasjon får du hos hytteverten.
|